|
Elevane fekk kl 9 i dag vite fag til skriftleg eksamen. Fagfordelinga vart slik: Norsk: 10a og 10d, engelsk: 10b og matematikk i 10c. 10a og 10d startar førebunga i dag kl 13. Heile morgondagen, onsdag 19.mai, vert nytta til førebuing. Torsdag 20.mai er det eksamen i norsk hovudmål, medan det fredag 21.mai er eksamen i norsk sidemål. For dei andre elevane på trinnet er det vanleg skule desse dagane.
10c har matematikkeksamen 25.mai. 10b startar førebuing til engelskeksmen 25.mai kl 13. Den 26.mai er det førebuing heile dagen, medan det er engelskeksamen den 27.mai.
|