Stilfull avslutningsfestAvslutningsfesten for avgangselevane ved FUSK vart ein stilfull kveld. Ei flott elevgruppe er ferdige på skulen, og vi ynskjer dei lukke til vidare. Sjå bilete frå festen i biletalbumet. 29.06.10 kl. 08:55
|
|
Fridagar for 10.trinnTorsdag 10.juni og fredag 11. juni har elevane på 10.trinn fri! Elevane møter klokka 10 måndag 14.juni. Elevane må då ha med lærebøker til innlevering. Sjå øveplan her
Les meir »
07.06.10 kl. 14:25
|
|
JuniorkonferanseOnsdag 9.juni kl 9 vert det Juniorkonferanse for 8.trinn. Tema er "Førde kommune", og rådmann Ole John Østenstad og varaordførar Eva Marie Halvorsen vil starte dagen med å informere om kommunen. Deretter vert det omvisning på kommunale arbeidsplassar. 07.06.10 kl. 12:51
|
|
AvsluningsfestOnsdag 16.juni kl 19 vert det avslutningsfest for 10.trinn med føresette i Førdehuset. Billetten kostar 50 kr. Det vert underhaldning, pause med brus, kaffi og kaker, samt utdeling av vitnemål. 07.06.10 kl. 12:43
|
|
Streik i kommunal sektorI samband med streiken i kommunal sektor, er den tilsette på kontoret teken ut i streik. Dermed vil det kunne ta litt tid ved telefonar til skulen. Vi ber om forståing for dette. 31.05.10 kl. 19:35
|
|
Skriftleg eksamenElevane fekk kl 9 i dag vite fag til skriftleg eksamen. Fagfordelinga vart slik: Norsk: 10a og 10d, engelsk: 10b og matematikk i 10c.
Les meir »
18.05.10 kl. 11:16
|
|
Grått og vått - men oppslutninga var flott.Det var nesten like mange paraplyar som bunader i årets 17. maiprosesjon. Ungdomsskule - elevane stilte tappert opp trass i regn og kulde. For enno er det nokre år til den dagen ein kan sitje seg gjennom ruta på eller i ein russebil.
Les meir »
17.05.10 kl. 21:38
|
|
Spørjeskjema til tiandeklassingane her!Ver bra å svare på spørsmåla du finn på lenka under din klasse.
Fylkeskommunen treng svara for å velje modell og storleik på datamaskinene til VG1 - elevane.
Les meir »
12.05.10 kl. 14:34
|
|
ArbeidslivsfagFørde ungdomsskule startar hausten 2010 opp forsøk med arbeidslivsfag. Faget er eit praktisk alternativ til framandspråk og språkleg fordjupning. Det er elevar på 8.trinn til hausten som får høve til å velje faget.
Les meir »
02.05.10 kl. 19:30
|
|
Nye klasselister er klarKlasselistene for dei nye 8.klassane til hausten er no klar. Leiinga ved ungdomsskulen reiser rundt til barneskulane og informerer måndag 3.mai. Det vert foreldremøte torsdag 20.mai kl 19.00 for 7.klasseforeldra. Sjå elles eige infoskriv utlevert 3.mai. 02.05.10 kl. 19:20
|
|
ForeldremøteTorsdag 8.april kl 19-20 vert det foreldremøte på FUSK. Tema er overgangen frå barn til ungdom. Psykolog Sunniva Teige frå Helsestasjoen, Odd Helge Vågseth frå lensmannnskontoret og Nattevandrarane deltek. Etterpå vert det foreldremøte for 8.trinn. 06.04.10 kl. 15:07
|
|
God påske!Vi ynskjer elevar og føresette ei riktig god påske. Håpar alle får ein fin ferie! 25.03.10 kl. 20:03
|
|
Høg trivsel på FuskResultata frå elevundersøkinga syner høg trivsel blant elevane på Fusk. I undersøkinga kjem det òg fram at det er lite mobbing på skulen, samt at elevane er godt nøgde med lærarane sine. 25.03.10 kl. 19:59
|
|
Stor aktivitet på skidagenDei fleste elevane var på Langeland der det gjekk i hundre i ake- og hoppbakken heile dagen. Dei sprekaste gjekk Gjøset-løypa først. Også i Blomlia var det skarpt føre og full fart. Du finn meir om skidagen ved å klikke på skuleavisa.
Les meir »
12.03.10 kl. 14:26
|
|
Veke 11 - Utdanningsval 9. klasseMåndag 15. og tysdag 16. mars skal alle 9. klassingane hospitere i vidaregåande skule. Onsdag 17.-fredag 19. mars er dei ute i ulike bedrifter. Kvar elev har fått ein del info om veka som personleg ranselpost. 11.03.10 kl. 13:13
|
|
|